mandag 8. desember 2008

Næmmen...

...er de her ENDA? Beinrangelbloggen pakka saman pikkpakket sitt i natt og reiste sin veg, nærmare bestemt til www.skranglebein.wordpress.com. Så no kan dykk ha det så godt om vi ikkje sjåast igjen!

søndag 7. desember 2008

Something completely different

Kom over denne flotte førjulssaka frå Voss. Kjipt med dei derre muslimane som ikkje vil ha juleutstilling i vindauget på lokalet dei tilfeldigvis brukte som moskè. Godt at nokon klarar å kjempe for å ivareta dei norske, fine tradisjonane. Det går jo ikkje an å ha gjentrukne gardiner foran vindauget på eit butikklokale på denne tida av året! Nei, har du høyrt!

Ein laurdag i desember

Opp seinare enn du hadde tenkt, du burde ha stått opp tidlegare, no er heile helga øydelagt fordi du ikkje klarar å ein gong prestere å stå opp når du skal, herregud, kor mislykka går det an å bli. Opp og ut i det kalde veret. Du stressar uten grunn, det er jo laurdag, ro deg ned, jente! Du blir stressa av å tenke på at du stressar sjølv om du ikkje må, tenk om dei merkar at noko er gale med deg, ja tenk om, kva då?

Inni deg har noko snørt seg fast, du får ikkje puste og du klarar i alle fall ikkje å snakke. Dei du er med ser rart på deg og lurar på kvifor du berre snakkar i halve setninger. Korleis veit du at det er det dei tenkar? Jo, for du kan sjå det i auga deiras. Du klarar ikkje å sei ordet, du veit kva det er som skjer med kroppen din, først i dag klarte du å sette ord på det. Du plar ikkje vere ute blant folk når du har det sånn, du plar ligge under ei mørk dyne og grine og tenke på at livet ikkje er noko verdt. Og dette er takka for å forsøke å sosialisere seg. Hjerne og kropp kommuniserar ikkje, du går inn i ein butikk fylt av folk som er like sveitte som deg, kva skal vi her spør ho du er med og du klarar ikkje svare. Ja, kva skal du her? Var det ikkje berre ein idiotisk idè, eit tullate påfunn? Du kjenner rødmen i kinnene, du klarar ikkje å snakke, du stammar som ein idiot og du tenker at du må ha ein hittil uoppdaga hjerneskade.

Du sit ved eit kafèbord og er livredd for at det skal vere noko gale med kroppen din siden sist du tok av deg jakken. Du tør ikkje gå på do, enda mindre gå bort til kassa og kjøpe kaffi, så du får nokon andre til å gjere det. Og tenk om dei byrjar å spørre om vanskelege ting, tenk om du mistar kontrollen over situasjonen og dei byrjar å le av deg. Du slappar litt meir av etter kvart, men du må bort til kassa ein gong allikevel, og det er tungt. Tenk om du mister begge kaffikoppane på golvet? Tenk om du snubler i den ungen som spring rundt? Då kjem du heilt sikkert til å byrja å grine, og du kjenner at du eigentleg hadde hatt lyst til å grine, og alt det rekk du å tenke før du er borte ved bordet igjen. Du pratar som ein foss for å halde ting i gong, vi må ikkje stoppe, eg kan ikkje stoppe no, men herregud, dei kan jo tru at eg er hyperaktiv sånn som eg held på tenker du og held kjeft ei lita stund.

Du får mat på bordet framføre deg, og du anar ikkje kor du skal byrje. Oliven, har eg bestilt oliven, herregud, eg likar jo ikkje det ein gong, i alle fall ikkje på nokon annan måte enn ein intellektuell ein, og du seier høgt at du liker oliven og tvingar i deg to. Du klarar sjølvsagt ikkje å spise all maten, tenk om dei ler av deg fordi du er så småspist og du pressar inn ein bit salat til. Armane dine funkar liksom ikkje, du får ikkje samla nok mat på gaffelen og du kjenner du blir varm og raud i kinna igjen. Dei andre er ferdige for lengst og du føler deg som eit veldig lite menneske i ein altfor stor kropp. Det går ikkje lenger tenker du, du kan ikkje leve sånn, eg er jo full av bekymringar for små tulleting når eg heller skulle bekymra meg for damene i Kongo som blir valdtekne og dessutan burde eg ha delt ut aviser i dag. Du kjenner den dårlege samvittigheten vekse i munnen saman med den siste olivenen du vil ete i heile ditt liv.

Du kjenner på ordet du plutseleg kom på og visste at det er sanninga, du har angst. Angst er ordet, og du har aldri brukt det i ein sånn samanheng før. Du har angst for sprøyter, for biler som ikkje vil stoppe, for å ikkje få betalt husleiga, sånne ting, men det er ikkje det same. Du sit på kafè med to mennesker du elsker og du har angst for å vere til. For å ikkje få til det der med å vere kul og hyggjeleg og artig eller å få noko ut av livet. Du er livredd for å puste feil, ha rar kroppsbeherskelse og å snakke for mye om deg sjølv. Du veit godt at du gjer alle desse tinga, og allikevel er du ute i verda, og det er ikkje logisk i det heile tatt. Angsten gjer vondt, heile kroppen din gjer vondt og du er eit vandrande Flaxlodd utan gevinst.

tirsdag 2. desember 2008

Eg spør fordi eg ikkje veit om noko anna

Du byrja i klassen vår i haust, samstundes som resten av oss. Du var høg og hengslate og sløv i blikket. Du forsvann ganske fort og etter fyrste veka såg vi ikkje mykje til deg. Eg såg deg i byen av og til, i den store jakken du liksom drukna i. Du såg ikkje meg. Eg tenkte ikkje meir på deg, for eg hadde mine ting å styre med.

Eg såg deg igjen i kveld. Eg fraus der eg gjekk gjennom byen på veg til noko varmt og koseleg, og det tok eit augeblikk før eg såg det var deg. Du hadde ikkje jakke på deg, berre ein sliten hettegenser. I nevane hadde du ein plastpose og ein åpen cider.

Kor er du på veg?

mandag 24. november 2008

Nytt frå bloggvørld

Kjærasten min har byrja å blogge igjen. Gå inn og les, og få han til å fortsette med det!

Nokon har kviskra i øyret mitt at eg er nominert på Tordenbloggen (igjen!) i mårra. Så om de vil at eg skal bli rik og berømt, for eg antar det er premien, så kan de stemme på meg i morgon tirsdag. Sant?

Ellers foregår dei andre viktige tinga i livet mitt på Bloggsbergenbloggen, ein kjempesuksess uten like.

So then! Have a jolly good night!

Flyt

Dette innlegget burde ha blitt skriven etter ein av dei dagane når eg har vore på Sentralbadet og sumt min kilometer. For det har eg altså ein tendens til innimellom. Men så har eg også to dagar verkstad på skulen i veka, og no for tida er det muring vi held på med. Ein blir sliten av sånt. Men eg vil no skrive ein tekst om symjing likevel, fordi det er så kjekt.

Eg hugsar sumaren før andreklasse. Eg har fargesprakande badedrakt, ingen kledde bikini på ungane på byrjinga av nittitalet, det er varmt og stranda heime er full av tjukke husmødre med permanent og bikini med høg skjering. Det er verdas finaste strand, og vi har ho heilt for oss sjølve. Vi har òg en volleyballbane som nokre eldsjeler prøvar å rake rein for tang i byrjinga av mai. Eller, ein kan kanskje ikkje kalla det ein bane, det er mest eit nett med hol i som er spent opp mellom to pålar av tre. Men det er i alle fall vårt nett, og ingen kan ta det i frå oss.

Heller ikkje kjensla av å flyte på eiga hand kan nokon ta frå deg. Kjensla av å kjempe mot trongen til å ha kontroll kva enn som hender, og berre la vatnet omfamne deg og gjere deg vektlaus. Å overvinne redselen for å synke djupt ned på botnen og få lungene fylte av salt, reint vatn. For vatnet her omkring er reint, det skal eg love deg, og kaldt er det heller ikkje. Ungar som veks opp med å bade ved dei nordligste delane av norskekysten tykkjer ikkje ti grader er kaldt. Dei nyt det. Dei kavar rundt med dykkarmaske og snorkel i timevis før det er middag og bygda er så lita at ropa frå far din kan høyrast heilt ned til vasskanten sjølv om du helst vil late som noko anna fordi det er så kjekt å balansere så mange glassmanetar som mogleg på armen.

Det går nokre år og du har vunnet kontrollen over vatnet. Du har lært å symje med opne auger, du kan slå salto under vatn og gå på hendene. Du elsker å stupe sjølv om det er fleire mageplask enn svalestup i bassenget på skulen. Symjeknappen er tatt, du har til og med sumt fem hundre meter og livet er ikkje så verst.

Hadde det ikkje vore for den forbaska kroppen som berre er i vegen. Han hindrar deg i å perfeksjonere stupeteknikken din, for du er redd for at puppene skal dette ut av bikinien når du har hoppa. Han hindrar deg i å bli kjappast og best i livredningsøvinga, for du vil ikkje opp av vatnet med den jævla dukka fordi magen din då kan bulke seg og du kan sjå tjukkare ut enn du er. Dessuten glir berre den teite bikinitrusa inn i rumpa di, som forresten er altfor stor, og då er det ikkje gøy å symje ein meter ein gong. Du skulkar alle symjetimane i niende klasse fordi du er for feit.

Men åra går som dei alltid har gjort, og du oppdager at verda er større enn din eigen mage. Dei gongene du har tid til å tenkje på din eigen kropp ender du alltid opp med å vere rimeleg nøgd. Det finst nokon som elskar han, så kvifor ikkje elske seg sjølv?

Tida di er fylt av møter, bussturar, skule og andre vanlege ting. Livet er fint og du smiler i pissregnet på veg heim. For du har kjøpt eit klippekort på Sentralbadet, og du kan symje igjen. Du symjer ein kilometer kvar gong og du er deilig utmatta etterpå. Eg kan symje, tenkjer du, og du elskar det. Du elskar å la vatnet omfamne deg og gje deg kjensla av å både miste og å ha kontroll. Nesten ingenting er betre.

lørdag 15. november 2008

Eit brev

Kjære, kjære Lånekassen.
Nokon gonger tek eg meg sjølv i å tenke at det er bra du finst. Det er fint å få pengar for å gå på skule, sjølv om det er for lite til å betale husleiga på eit dyrt internat kor eg må bu for å kunne gå på skulen midt i skauen i Indre Troms. Det er fint å ha råd til både husleige, mat OG øl når ein endeleg har skaffa seg den deltidsjobben ein må ha i dag viss ein skal klare seg på hybel tre hundre kroner og mange reisetimar heimefrå. Og når ein etter lang betenkningstid, la oss sei eit år ca, bestemmer seg for å byrja på nytt, ta nokre fag på vidaregåande som kan hende ledar fram til eit fagbrev, då er det kjekt med pengar på kontoen så ein kan overleve som tjueåring utan å måtte bli forsørga av mamma, slekt og vener. I tillegg til deltidsjobben, sjølvsagt. Kva hadde eg vel gjort utan den? Ja, gjett. Eg hadde ikkje overlevd lenge på skulebenken uten den deltidsjobben, skal eg seie deg. For du, kjære Lånekasse, uansett kor bra det var meint at du skulle bli, har sidan slutten av august bevist for meg kor utruleg dårleg det står til. Byrjar du å bli gammal og utdatert? Er det kanskje løysinger i det systemet du er - som ikkje funker?

Du presterar å svare omtrent dette i det fyrste svaret eg fekk på søknaden min om lån og stipend:

Du får ingenting. Bustadsadressa di er feil.

Eg hadde gløymt å oppgi at eg ikkje lenger bur med foreldra mine. Det har eg ikkje gjort sidan eg var seksten. Neivel. I tillegg kom beskjeden i posten, med svart skrift på kvitt papir, med eit fullstendig uleselig språk. Eg måtte ringe deg og høyre kva du eigentleg meinte. Og sitje eit kvarter i telefonkø.

Jaujau, tenkte eg. Då får eg vel berre søke på nytt då. Det gjorde eg, og venta i vekesvis i spenning. Og vekesvis ja, det kan eg love deg, når det var hamdsamingstid på åtte veker. Eg fekk til slutt svar, og kunne med glede lese at fyrste utbetaling kom til å vere på bortimot atten tusen. "Hurra", tenkte eg. "Eg er rik! Eg kan legge framtidsplanar! Eg treng ny jakke! Eg kan ete noko anna enn brødskiver til middag kvar dag!". Og eg venta tolmodig på pengane som aldri kom. Eg venta og eg venta.

I går fekk eg eit brev i posten frå deg, Lånekassen. Der stod det, sjølvsagt utforma sånn at eg ikkje skjønte kva du meinte, at du hadde motteke eit brev frå meg 24.oktober, at søknaden min var behandla på nytt og at eg kunne hente gjeldsbrevet på skulen om ei til to veker. Eg ringte deg i dag og fekk snakke med ein kundebehandlar som på kav bergensdialekt kunne forklare at jaudå, dei hadde motteke brev frå skulen som forklarte at eg berre var deltidselev - og at eg difor ikkje hadde rett på dei pengane eg i utgangspunktet skulle få. Så eg fekk fjorten tusen i staden for tjueein, slik det stod i det forrige brevet.

Eg heldt på å byrja å grina. I morgon er det femtande november. Halve skuleåret har snart gått, og eg lurar på korleis ein klarar å rote så mykje med ting. Eller, ikkje med ting, med FOLK. For det er folk denne treigheten går utover. Eg har heldigvis hatt flaks. Eg har hatt deltidsjobb, eg har hatt foreldre som har hjulpet meg gjennom dei vanskeligste tidene, og eg verken røyker eller snuser. Men eg er framleis tjue år og skal liksom klare meg sjølv snart. Og korleis skal ein klare det når det systemet som skal gje vidaregåande elevar og andre studentar noko å leve av, sidan utdanning liksom skal vere gratis i Noreg, ikkje fungerar i praksis? Og korleis skal ein klara seg sjølv når ein ikkje får innvilga lån sidan foreldra mine har for god råd? Skal dei fø på meg til eg blir førti?

Eg veit ikkje eg, Lånekassen, men det er noko som ikkje stemmer heilt med deg. Du er gull verdt for folk som bur heime, som blir forsørga av foreldra sine og for dei med god råd og oppsparte midlar. Men kva med oss andre? Har ikkje vi like stor rett på ei utdanning som alle andre? Kva er det eigentleg som skjer?


Oppgitt helsing
Vidaregåande elev - langt heimefrå